Lars Kveen as vart stifta i 1980 av Lars Henry Kveen. I mai 2013 endra selskapet namn til Kveen as, i samband med at sønene Lars Helge Kveen og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo overtok alle aksjane i selskapet.
Verksemda har kontor i Stryn i Sogn og Fjordane, og opererar innanfor to kjerneområde:
- Kveen Anlegg
- Kveen Motor
Kveen as er også eigar av selskapet 360World som tilbyr 360graders foto på internett.
Verksemda har sentral godkjenning for ansvarsrett, og er i tillegg godkjend som lærlingbedrift.
Kveen as var tidlegare eigar av Fjord Helikopter, men valde i 2016 å selje selskapet til Fonnafly for å kunne satse meir på våre to kjerneområde.
VI STØTTAR....
Vi er opptekne av å vere ein positiv bidragsytar i lokalsamfunnet, og støttar:
- Stryn håndball
- Stryn sykkelklubb
- Koordinatorstilling mellom skule og næringsliv i Stryn

PERSONBILVERKSTAD
ATV/SCOOTER VERKSTAD
TUNGBILVERKSTAD
Kveen er også sertifiseringsorgan for anleggs- og masseforflytningsmaskiner. Vi har ei rekke krevjande kundar, som er med på å motivere oss til vedvarande streben etter å finne gode løysingar for rask og sikker reparasjon og service av kundane sine bilar.
EU-KONTORLL
Kveen Motor i Stryn er din serviceverkstad for personbil, lastebil, buss, ATV og snøscooter. Vi er den leiande forhandlaren av ATV, snøscooter og vannscooter i Sogn og Fjordane.
*TAR DU SERVICE FÅR DU INKLUDERT GRATIS 1 ÅRS MOBILITETSGARANTI*
HØG KOMPETANSE
Kveen as legg vekt på at våre mekanikarar har høg og oppdatert kompetanse. Alle våre fem mekanikarar har fagbrev innanfor sine område. Dette er med på å gje deg som kunde rask og effektiv service.
TIMEBESTILLING
For timebestilling, kontakt oss på:
kundemottak@kveen.as
Eller ring 57 87 20 00
OPNINGSTIDER
Du er velkommen innom butikken vår i Hegreveien 15 i Stryn. Vi har flg. opningstider:
Måndag - fredag 08.00-16.00
Laurdag stengt
Ønskjer du avtale med oss utanom opningstid? Ta kontakt på 41 40 65 67